AVSKJEDSVISE
(Når en kollega slutter.)
Å, eg veit meg eit land langt her uppe mot nord
med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarte er fest
med dei finaste, finaste band.
% Å, eg minnest, å, eg minnest,
å, eg minnest so vel dette land. %
Og vi veit oss ein sjel som her sit ved vårt bord,
som i frå oss no drar trass i sorga vår stor.
Det er trist, men dog sant: Vi blir robba i blant
for dei finaste, finaste vi har.
% Vi skal minnest, vi skal minnest,
vi skal minnest so vel denne sjel. %
Men vi veit oss ein gjeng som meir djupt har slått rot,
som mot alle slags freistingar fast stend i mot.
Og vi veit i vårt sinn at om nokre forsvinn
sit dei finaste, finaste att.
% Dei skal minnest, dei skal minnest,
dei skal angra som hev oss forlatt! %
Erik Nord